Nytt

Bileteserie av rivingsarbeidet

Bileteserie av rivingsarbeidet

Delar av det 50 år gamle skulebygget er borte... Skulen vil ha biletedokumentasjon gjennom heile rivings- og byggeprsessen.
Les meir »   20.05.10 kl. 09:47

Tinestafetten 2010

Tinestafetten 2010

12. mai vart Tinestafetten 2010 arrangert på Askvoll skuleidrettsplass. Lag frå 5.-9. klasse frå Askvoll og Gjelsvik skule stilte. Gjelsvik gjekk av med seier både på mellomsteget og ungdomssteget! Vi gratulerer Gjelsvik!
Les meir »   18.05.10 kl. 12:50

No startar rivingsarbeidet

No startar rivingsarbeidet

Det etterlengta oppstartsarbeidet med sikring av område og riving av delar av skulebygget startar opp i veke 19. Tre klassar har måtte innkvartere seg i andre delar av skulen.
07.05.10 kl. 12:41

Eksamensdatoar

Eksamensdatoar

Det nærmar seg eksamenstid for avgangselevane. Tysdag 18. mai kl. 09.00 er det opplysning om skriftleg trekkfag. Eksamens- og førebuingsdatoar og klagefristar på avgangskarakterar:
Les meir »   28.04.10 kl. 11:08

Den mørklagde timen i mars

Den mørklagde timen i mars

I Noreg sløkte kommunar, bedrifter og enkeltpersonar frå Svalbard og Nordkapp i nord, til Kristiansand og Mandal i sør, lyset. 60 prosent fleire kommunar og 70 prosent fleire bedrifter deltok i år enn i fjor. Askvoll skule er stolt av å vere på laget.
Les meir »   21.04.10 kl. 10:05

Det er ikkje elevfri dag 23. april!

Det er ikkje elevfri dag 23. april!

I kalenderheftet til skulen står det at det er elevfri dag 23. april. Dette er feil. Det er vanleg skule for elevane denne dagen. Skuleruta på s. 4 er rett.Beklagar trykkfeilen på kalenderarket.
06.04.10 kl. 10:46

God påske

God påske

Markeringa av Earth Hour 2010 er over, og skulen vil ønskje elevar og føresette ei riktig god påske. Tysdag 6. april er første skuledag etter påske.
28.03.10 kl. 22:55

Mørkleggjer skulen i år også

Mørkleggjer skulen i år også

Askvoll skule vil også i år markere Earth Hour. All belysning på skuleområdet vert sløkt i éin time laurdag 27. mars frå kl. 20.30.
Les meir »   19.03.10 kl. 13:33

Vann Sophus Lies Matematikkpris!

Vann Sophus Lies Matematikkpris!

Askvoll skule fekk utdelt gåvesjekk pålydande kr. 12.500,- frå Sophus Lie Matematikkpris. Utdelinga skjedde på Eid 11. mars, og stolte lærar- og elevrepresentantar mottok prisen.
Les meir »   15.03.10 kl. 12:56

Skuleruta for 2010/11

Skuleruta for 2010/11

Skuleruta for 2010/11 er vedteken i Undervisningsutvalet 25. januar 2010. Skulen gjer merksam på at det kan verte endringar.
Les meir »   11.03.10 kl. 09:52

Topp på leirskule

Topp på leirskule

I fantastiske naturomgjevnadar 500 meter over havet, på Nordsida i Stryn kommune var 8. klasse ved Askvoll skule på leirskule på Nordfjord fritidssenter. Leirskulen har skibakke, isbre, fjell og fjord like i nærleiken.
Les meir »   09.03.10 kl. 14:00

SFO STENGT I VINTERFERIEN

Skulefritidsordninga (SFO) ved skulen vert ikkje open i vinterferien.
11.02.10 kl. 13:47

1. mars er søknadsfrist SFO 2010/11

1. mars er søknadsfrist SFO 2010/11

Søknadsfrist for skulefritidsordninga på Askvoll skule er sett til 1. mars. SFO søknadsportal må nyttast. Link finn du til høgre på menyen. Informasjon om tilbod er utsendt i ranselpost.
Les meir »   08.02.10 kl. 13:55

Informasjonsmøte om øvingskøyring

Møte om øvingskøyring

Foreldre og elevar i 10. klasse vert invitert til informasjonsmøte om øvingskøyring (mengdetrening) måndag 15. februar kl. 19.45 på skulen.
Les meir »   04.02.10 kl. 13:02

Aketur til Tveita

Aketur til Tveita

Elevane i 9. klasse utnytta det fine vintervèret torsdag 14. januar med tur til Tveita i Holmedal. Det var nydeleg sol, vindstille og gradestokken synte åtte blå grader.
Les meir »   25.01.10 kl. 14:12

RSS